ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet har gjennom teori og praktisk aktivitet fokus på fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv.
Hovudinnhald vil være:
- Vekst, utvikling og fysisk yteevne hjå barn og unge
- Intervensjonar med fysisk aktivitet i barnehage og skule
- Testing av barn og unge
- Fysisk aktivitet og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå barn og unge
- Tidleg spesialisering eller allsidig fysisk aktivitet/trening for barn og unge?
- Individuell praksis med treningsrettleiing for vaksne
- Alderdomsprosessar hjå eldre
- Intervensjonar med fysisk aktivitet for eldre (adaptasjon, funksjon, livskvalitet med meir)
- Testing av eldre
- Tilretteleggjing og gjennomføring av trening av eldre
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
- har brei kunnskap om korleis teste barn, unge og eldre i ulike former for fysisk aktivitet som uthald og styrke
- har brei kunnskap om korleis evaluere fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre
- har brei kunnskap om intervensjonar som nyttar fysisk aktivitet for barn, unge og eldre
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende teoretisk kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av fysisk aktivitet og trening for barn, unge, vaksne og eldre
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre
- kan formidle forsking og fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Fullført 1. år bachelor idrett eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil gjennomførast som førelesningar, gruppearbeid og studentpresentasjonar. Det vil også vere praktiske økter. Det er delvis lagt opp til førelesingar som blir avslutta med oppgåver som studentane presenterer i plenum. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisning og arbeider med stoffet mellom førelesingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk oppmøte (80 %) under studentframføringar som inkluderar at studenten presenterer (i grupper) faglege oppgåver gitt av faglærar, samt obligatorisk oppmøte i praktiske økter. Godkjent individuell praksis i treningsrettleiing (ca. 20 arbeidstimar, organisert som punktpraksis). Både praksisrapport og gjennomføring må være godkjent. Innlevering av eitt skriftleg individuelt arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen. Tid: Fem dagar. Gradert karakter (A-F).