JU6-1000 Forretningsjus
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studenten innføring i juridisk metode og utvalde generelle privatsrettslege emne og problemstillingar. Emnet skal gje studenten innsyn i dei alminnelige rettslege rammene for utøving av næringsverksemd og dei rettsreglane som er av særleg viktige for organisering og utøving av slik verksemd.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om/kjennskap til:
- Rettskjeldelære og juridisk metode
- Kontraktar si betyding og funksjon
- Dei mest relevante rettsområde, som avtaleinngåing, tolking og ugyldigheit
- Sentrale delar av reglane om organisering av økonomisk verksemd og representasjon i selskapsforhold
- Stifting og sikring av pengekrav, gjeldsforfølgingsrett med hovudvekt på materiell konkursrett
- Sentrale delar av reglane om økonomisk kriminalitet
- Marknadsføringsrett
- Reglane om kjøp og verknader av misleghald ved kontraktsbrot, næringsverksemder sitt forhold til kreditorar og styresmakter
- Bortfall av pengekrav ved oppgjør og forelding, samt konkursprosessen og enkeltforfølgingsrett
Studenten kan gjennomføra praktiske drøftingar knytt til sentrale reglar om:
- Avtaleinngåing, avtaletolking og ugyldighet
- Etablering av økonomisk verksemd og representasjon i selskapsforhold
- Etablering og sikring av pengekrav
- Vilkår for enkeltforfølging, opning av konkurs, samt konkursprosessen og omstøting
- Økonomisk kriminalitet
- Kjøp og verknader av misleghald ved kontraktbrot
- Næringsverksemder sitt forhold til kreditorar og styresmakter
- Bortfall av pengekrav ved oppgjer og forelding
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og oppgåvegjennomgang i plenum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil tre arbeidskrav. Skal løysast individuelt.
Vurderingsform
Skriftlig eksamen 4 timer. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel: Norges lover, ¿Lov og rett for næringslivet¿ , særtrykk av lovene, utskrift av lover frå www.lovdata.no
Meir om hjelpemiddel