JU6-1002 Skatte- og avgiftsrett 2
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- Formuefastsetjing i næringsversemd
- Fastsetje skattepliktig inntekt og frådragsberettiga kostnadar i næringsverksemd
- Utrekning av skatt for EPF, ANS og AS
- Omdanning frå EPF til AS
- Overdraging av verksemd
- Likvidasjon av verksemd
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- Vurdere kva transaksjonar omkring eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattlegging
- Avgjere kva som er skattepliktige inntekter, frådragsberettiga kostnadar samt foreta korrekt tidfesting av postane for utrekning av alminneleg inntekt i næring
- Rekne ut skatt, for personleg selskap (EPF), ansvarleg selskap (ANS) og aksjeselskap (AS)
- Foreta utrekning av formue for aksjar i ikkje-børsnoterte aksjeseskap og andelar i deltakarlikna selskap
- Foreta skattemessig omdanning av EPF til AS
- Vurdere skattemessige verknadar ved overdraging og likvidasjon av verksemd
- Gjere eigne refleksjonar kring skatteplanlegging og etiske forhold
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar: JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1 eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det blir lagt ut seks mindre arbeidskrav parallelt med gjennomgang av teori. 4 av 6 arbeidskrav må vera godkjent.
Arbeidskrav kan løysast individuelt eller i gruppe på inntil fire personar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skattelovsamling eller utskrift frå Lovdata.
Meir om hjelpemiddel