JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane moglegheit til å forstå korleis arbeidsretten og forvaltningsretten/kommunalretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten:
- Ha oversikt over den individuelle arbeidsretten, og ha særleg god kjennskap til korleis arbeidsavtalar blir til og blir avslutta, arbeidsgjevar sin styringsrett, lojalitetplikta, og til krav om forsvarleg arbeidsmiljø.
- Kjenne til dei viktigaste reglane for styring og organisering av offentleg verksemder i forvaltningsretten og kommunalretten.
- Kjenne internkontroll som metode for å sikre at verksemder si drift er i samsvar med lov og føresegn.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav), løysing av oppgåver i seminar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr 3: Praktisk oppgåve med individuell tilbakemelding.
Sjå studieplan for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell - 8 dagar. Praktisk oppgåve.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter.
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.