JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane moglegheit til å forstå korleis arbeidsretten og forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse
- Oversikt over den individuelle arbeidsretten, god kjennskap til korleis arbeidsavtalar blir til og blir avslutta, arbeidsgjevar sin styringsrett, lojalitetplikta, samt kunnskap til krav om forsvarleg arbeidsmiljø.
- Kjenne til dei viktigaste reglane for styring og organisering av offentleg verksemder i forvaltningsretten, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
- Kjenne internkontroll som metode
- Kunne foreta forsvarleg sakshandsaming i høve sitt praktiske arbeidsområde i sektoren
- Som leiar ved delegering kunne leie andre i sakhandsaming
- Ha grunnleggande forståing av rettssystemet generelt og rettsreglane i høve eige fagområde spesielt.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr 3b: To praktisk oppgåver med individuell tilbakemelding.
Sjå studieplan for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Eit arbeidskrav er gyldig påfølgande 4 semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell - 8 dagar. Praktisk oppgåve.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter.
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.
Hjelpemiddel ved eksamen
Heimeeksamen - kan bruke tilgjengelege hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-404 - Jus for offentleg leiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- JU6-402 - Jus i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
- JU6-403 - Jus i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng