MS1-302 Rolla som profesjonell hjelpar
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på kva som spesielt kjenneteiknar rolla som hjelpar i det komplekse hjelpeapparatet. I dette inngår hjelparen si samhandling med brukaren, med ulike yrkesgrupper, frivillig sektor og brukaren sitt nettverk. Det blir lagt vekt på å ha ei kontekstuell tilnærming i møtet med brukaren. Ei hjelparrolle som er ressurs- og løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel og i stand til å utarbeide samordna og individualiserte tilbod, vert løfta fram. Det er eit mål at studenten får vidareutvikla og bli trygg på eigen profesjonalitet. Studenten skal samstundes ha kunnskap om heile hjelpeapparatet og vera i stand til å skapa samhandling mellom ulike tenestenivå. Sentrale tema i dette emnet er difor relasjonskunnskap og kompetanse, ulike kunnskapsformer, fagleg skjønn, fagetikk og tiltak innafor helse, sosialfag, og fysisk aktivitet.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne har/kan studenten
- inngåande kunnskap om og kan analysere ulike tilnærmingar i møte mellom hjelpeapparat og brukarar
- fagleg innsikt i og forstår betydinga av å arbeide med utvikling av eigen relasjonskompetanse
- inngåande kunnskap for kritisk kunne reflektere over eiga rolle som hjelpar i lys av yrkesetikk
- inngåande kunnskap om å analysere og diskutere fagleg skjønn og argumentasjon som ledd i profesjonsutøving på individnivå og i samspel med andre aktørar
- inngåande kunnskap om ulike former for kunnskap og bruken av desse i eit samhandlingsperspektiv
- inngåande kunnskap om å leggje til rette for tiltak innafor helse, sosialfag og fysisk aktivitet i samarbeid med brukarar, deira pårørande og nettverk
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, fleirfaglege refleksjonsgrupper, sjølvstudium, individuell oppgåve. Seminar med framlegg og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuell oppgåve som grunnlag for gruppearbeid. Gruppearbeidet vert avslutta med eit førebudd framlegg i plenum.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve. Omfang 2000 ord +/-10%. . Gradert karakter A - F