Hopp til innhald

MS1-302 Rolla som profesjonell hjelpar

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet legg vekt på kva som spesielt kjenneteiknar rolla som hjelpar i det komplekse hjelpeapparatet. I dette inngår hjelparen si samhandling med brukaren, med ulike yrkesgrupper, frivillig sektor og brukaren sitt nettverk. Det blir lagt vekt på å ha ei kontekstuell tilnærming i møtet med brukaren. Ei hjelparrolle som er ressurs- og løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel og i stand til å utarbeide samordna og individualiserte tilbod, vert løfta fram. Det er eit mål at studenten får vidareutvikla og bli trygg på eigen profesjonalitet. Studenten skal samstundes ha kunnskap om heile hjelpeapparatet og vera i stand til å skapa samhandling mellom ulike tenestenivå. Sentrale tema i dette emnet er difor relasjonskunnskap og kompetanse, ulike kunnskapsformer, fagleg skjønn, fagetikk og tiltak innafor helse, sosialfag, og fysisk aktivitet.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Studenten har/kan  

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv om møte mellom hjelpeapparat og brukar
  • inngåande kunnskap om kommunikasjon i møte med brukarar og andre profesjonsutøvarar
  • inngåande fagleg innsikt i korleis eigen relasjonskompetanse kan utviklast
  • inngåande kunnskap om etikk og fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving med brukarar og andre profesjonsutøvarar  

Ferdigheiter

  • analysere kommunikasjon i møte mellom hjelpeapparat og brukar
  • reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonsutøvar i lys av yrkesetikk
  • analysere og diskutere fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving
  • leggje til rette for tiltak innafor helse, sosialfag og fysisk aktivitet i samarbeid med brukaren, det faglege nettverket, og pårørande

Generell kompetanse

  • reflektere fagleg og etisk over ulike former for kunnskap og bruken av desse i eit samhandlingsperspektiv 

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, fleirfaglege refleksjonsgrupper, sjølvstudium, individuell oppgåve. Seminar med framlegg og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell oppgåve som grunnlag for gruppearbeid. Gruppearbeidet vert avslutta med eit førebudd framlegg i plenum.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve. Omfang 2000 ord +/-10%. . Gradert karakter A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel