PL413 Miljø- og forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Om lag 1/3 av emnet er ei grunnleggjande innføring i offentleg forvaltning retta mot forvaltningslova og offentleglova. Emnet tek elles føre seg sentrale lover og verkemiddel i norsk miljø- og naturforvaltning. Det vert lagt vekt på ei praktisk og yrkesretta tilnærming til stoffet. Studentane får innsikt i den praktiske kvardagen i deler av forvaltninga gjennom møter med representantar for offentleg forvaltning, og dei får øving i sakshandsaming.
Læringsutbytte
. Studentane skal ha:
- kunnskap om juridiske grunnomgrep og offentleg forvaltning etter forvaltningslova og offentleglova:Rettskjeldelære og juridisk metode, reglane i forvaltningslova og offentlegheitslova om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klage.
- kjennskap til mål, prinsipp og verkemiddel innanfor sentrale deler av norsk naturforvaltning
- kunnskap om offentleg forvaltning etter naturmangfaldlova, miljøinformasjonslova, skoglova, viltlova, friluftslova, motorferdslelova, ureiningslova og vassdragslovgjevinga
Studentane skal kunne:
- utføre offentleg sakshandsaming innanfor naturforvaltning
Studentane skal ha god forståing av:
- dei sentrale sakshandsamingsreglane i offentleg forvaltning
- forståing for den rolla den offentlege forvaltninga har i samfunnet
- forståing for mål og prinsipp for offentleg miljø- og naturforvaltning
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, seminar og oppgåveløysing med gjennomgang i plenum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskravet er knytt til offentleg sakshandsaming innanfor naturforvaltning. Krav til innlevering anten individuelt eller i gruppe. Godkjent arbeidskrav er eit vilkår for å få gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter A-F