PR142 Rettleiing 1 for pedagogar i barnehagen
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
kommunikasjon i teori og praksis
dilemma knytt til etikk, autoritet og makt
kritisk tenking som danningsideal
rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eigen rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald
Læringsutbytte
Etter avslutta studium skal studenten:
Kunnskap
nyare teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar
korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i barnehagen
korleis dei kan inkludere nyutdanna i eit kritisk reflekterande fellesskap
ha kunnskap om eit breitt repertoar av tilnærmingar til rettleiingsfeltet
Ferdigheiter
vere i stand til å nytte rettleiing gjennom reflekterande prosessar individuelt og i gruppe
vere i stand til å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid
meistre kommunikasjon på ulike nivå
Generell kompetanse
kunne analysere og problematisere eigen og andre sin praksis som rettleiar
kunne bruke kunnskap og røynsle i samhandling og kommunikasjon som bidreg til oppleving av meistring og handleevne
Krav til forkunnskapar
Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i ein barnehage.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vektlegg studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå. Studentane vil få rettleiing og tilbakemelding på eiga rettleiing på heildagssamlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk deltaking på fellessamlingar
Deltaking i tre samlingar i nettverksgruppene
To fagtekstar (inntil 1200 ord)
Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vera gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen.
Vurderingsform
PR142 - HI: Individuell skriftleg heimeeksamen, 14 dagar, knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Omfang 2500 ord +/- 10%.
Gradert karakter A-F