Hopp til innhald

RE6-2003 Temabasert reiseliv

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Dei reisande får stadig høgare krav til reisemål og opplevingar og motiv og behov endrar seg i ein sterk internasjonal konkurranse. Dei ønskjer autentiske opplevingar og emnet tek føre seg korleis ein som reiselivsleverandør kan møta desse krava. Vidare skal emnet gje basiskunnskap om- og grunnleggjande oversyn over ressursgrunnlaget for ulike typar temabasert reiseliv. Kurset skal vidare gje studentane innsikt i sentrale problemstillingar knytt til utvikling av ulike temaprodukt m.a. med fokus på miljømedvit og berekraft.

Sentrale tema i emnet er:
¿ grunnleggjande forståing om temaomgrepet med vekt på å presentere nisjar

Opplevingsteori

  • Kunne utvikle opplevingar
  • Forstå kompleksiteten i temabasert reiseliv. Helseturisme, transportturisme, gardsturisme, mat & vin, urban turisme, fornøyelsepakar, festivalar, mm.
  • Naturarv ¿ og kulturarven vår som utgangspunkt for produktutvikling
  • Studentane får høve til å velje eit tema å fordjupe seg i gjennom arbeid med oppgåve

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan/har studenten:

  • Kjennskap til mangfaldet av tema- og nisjebasert reiseliv, slik som helseturisme, transportturisme, matturisme, fornøyelseparkar, "man¿made tourist attractions", festivalar, kulturarv, naturarv.
  • Kjennskap til temabasert reiseliv i eit globalt perspektiv og fokus på trendar i dag.
  • Analysere og kjenne til produkta i temabasert reiseliv og etterspurnaden i marknaden
  • Definere og lære omgrepa produktutvikling med temabasert reiseliv som utgangspunkt
  • Kjennskap til omgrepet oppleving og generell teori innan opplevingar
  • Kunnskap om korleis einn lagar ei tematisert oppleving
  • Lært samanhengen mellom temabasert reiseliv og berekraftig reiseliv og utvikle turistprodukt etter desse prinsippa
  • Lære samanhengen mellom kunder, tilsette og sjølve opplevinga

Krav til forkunnskapar

Innføring i RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal presenterast/leggjast fram ei gruppeoppgåve (inntil fire personar i gruppa).

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen ei veke i gruppe, vekting 60%.

Munnleg presentasjon av oppgåve individuelt, vekting 40%.