Hopp til innhald

SA595 Innføring i ungdomssosiologi

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar. Dette feltet er innhaldsrikt, og emnet tek dermed sikte på å orientere studentane om breidda og variasjonen i tema og problemstillingar som dei møter seinare i studiet. Studenten får høve til å gjennomføre ein fagleg presentasjon og organisere/ leie diskusjonar med andre studentar på emnet. Undervisninga er bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.

Læringsutbytte

Etter fullført emne

  • Har studentane kunnskap om oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn
  • Kjenner studentane til grunnleggjande omgrep i ungdomssosiologien som ungdom, livsløp, identitet, ungdomskultur, jamaldringsgrupper osb.
  • Kjenner studentane til ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå ¿ knytt til utdanning, arbeid, identitet, familie, venner, økonomi, livstil, helse, avvik, politisk engasjement, osb.
  • Har kandidaten kunnskap om sentrale spørsmål i ungdomssosiologi, kva for plass ungdomssosiologi har i samfunnsvitskap spesielt og i samfunnet generelt, korleis ungdomssosiologi har utvikla seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi ungdomsforsking har i dag
  • Kjenner studentane til kva for rolle ungdomssosiologi kan ha i praktisk arbeid med ungdom

Etter fullført emne

  • Kan studentane finne, vurdere og vise til ungdomssosiologisk faglitteratur/studiar
  • Kan studentane orientere seg i relevant ungdomssosiologisk faglitteratur
  • Kan studentane presentere innhaldet i ungdomssosiologiske fagtekstar på grunnleggjande nivå
  • Kan studentane reflektere over ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå

Etter fullført emne

  • Har studentane fått innsikt i ungdomssosiologien som grunnlag for vidare studiar
  • Kan studentane utveksle synspunkt på og erfaringar med ungdomssosiologiske spørsmål og problemstillingar
  • Kan studentane planleggje og gjennomføre formidling av sentrale tema i ungdomssosiologien

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å møte, må levere eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.

Vurderingsform

4 timar skriftleg eksamen.