Historie | årsstudium

Årsstudium

Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia. Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar.

Årsstudium i historie kan du også ta som nettstudium.

Du lærer:

  • om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
  • om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • å kritisk vurdere historiefaglege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Møt faglærarane og høyr dei fortelje om kva dette studiet går ut på.

Undervisningsmåtar

Vi har førelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, munnlege presentasjonar, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Informasjonshefte for nye studentar

Vil du studere meir?

Årsstudiet i historie er identisk med 1. studieår på bachelor historie. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

  

Møt faglærarane og høyr dei fortelje om kva dette studiet går ut på.