Hopp til innhald

SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av mindre arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som einingsleiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid. IKT som kunnskapssystem for leiarar.

Læringsutbytte

Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten ha kunnskap om:

  • Grunnleggande teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
  • Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt.
  • Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, faglig utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten.
  • System, metodar og verktøy for forbetring av kvalitet.

  • Kunne bruke læringsteori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
  • Kunne bruke relevant kunnskap for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta.
  • Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheter til å planlegge, utføre og evaluere eit kvalitetsforbetringsarbeid.

  • Kunne bidra til systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og gruppearbeid med case.

Individuell rettleiing i utarbeiding av eit dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 2a: 4 korte refleksjonsnotat, 1 ¿ 3 sider, utarbeidde mellom samlingane.

Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Vurderingsform

Mappe som inneheld eitt arbeid:

Individuell tekst som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass. Nærmare informasjon om arbeidskravet vert gitt på samlingane. Om lag 10 sider. Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.

Bokstavkarakter.

Ved stryk eller forbetring kan studenten levere ein omarbeidd tekst innan gitt frist.