Hopp til innhald

SA6-409 Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

 

 

Emnet tek opp teoriar om styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk. Ein går inn på politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis dette dannar kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege profesjonsorganisasjonar. Eit institusjonelt perspektiv blir brukt for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor. På sektornivå er emnet sitt fokus retta å forstå politikken si rolle i helse- og velferdsspørsmål. Kva kjenneteiknar politikk i høve fagleg verksemd?. Kva er profesjonane si rolle i velferdsstaten? Korleis påverkar nye styringsideologiar leiarrolla og profesjonsrolla? Kva er sentrale reformer og endringstrekk i helse- og velferdssektoren - framvekst og konsekvensar.

Læringsutbytte

 

 

Etter avslutta emne skal studenten

 

ha kunnskap om offentleg politikk, korleis den blir utforma og sett i verk, og kunne bruke denne kunnskapen for å analysere offentleg politikk generelt og helse- og velferdspolitiske spørsmål spesielt

kunnskap om organisasjonar og offentleg forvaltning som institusjonar og kunne bruke relevante teoriar og omgrep for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor generelt og i helse- og velferdssektoren spesielt

ha avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar og kunne bruke denne kunnskapen for å analysere sentrale utviklingstrekk i helse- og velferdssektoren og drøfte korleis dette påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving i sektoren

med utgangspunkt i ovannemnde kunnskapar og ferdigheiter skal studentane ha generell kompetanse i å analysere konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg forvaltning generelt og leiing og profesjonsutøving i helse- og velferdssektoren spesielt

Krav til forkunnskapar

 

 

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

 

 

Forelesingar. Gruppearbeid. Caseoppgåver. Individuell rettleiing i utarbeiding av eksamensoppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

 

 

Arbeidskrav nr. 5: fem læringsnotat: fire korte notat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane og ein litt større tekst der studenten drøftar eigen læringsprosess (2000- 3000 ord).

 

Det blir gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskrava. Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Vurderingsform

 

 

ME Mappe som inneheld eitt arbeid

 

Oppgåve om helse- og velferdspolitiske spørsmål og/eller utfordringar der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva skal løysast individuelt eller i gruppe på 2 ¿ 3 studentar (6000-7000 ord). Omfanget blir utvida dersom oppgåva er eit gruppearbeid.

 

Bokstavkarakter. Vurdering ut frå gitte kriterium.

 

Ved stryk eller forsøk på forbetring av karakter kan omarbeidd oppgåve/notat bli levert inn.