Hopp til innhald

SA6-409 Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp teoriar om styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk. Ein går inn på politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis dette dannar kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege profesjonsorganisasjonar. Eit institusjonelt perspektiv blir brukt for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor. På sektornivå er emnet sitt fokus retta å forstå politikken si rolle i helse- og velferdsspørsmål. Kva kjenneteiknar politikk i høve fagleg verksemd?. Kva er profesjonane si rolle i velferdsstaten? Korleis påverkar nye styringsideologiar leiarrolla og profesjonsrolla? Kva er sentrale reformer og endringstrekk i helse- og velferdssektoren - framvekst og konsekvensar?

Læringsutbytte

 

Etter avslutta emne skal studenten

  • ha kunnskap om offentleg politikk og korleis den blir utforma og sett iverk
  • ha kunnskap om offentlege organisasjonar og offentleg forvaltning som institusjonar
  • ha avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar innan offentleg sektor
  • ha kunnskap om korleis internasjonale og nasjonale politiske trendar og føringar påverkar institusjonen dei arbeider innanfor
  • ha kunnskap om profesjonar og profesjonsrolla, og om tilhøvet mellom politikk, administrasjon og profesjon

 

 

Etter avslutta emne skal studenten

  • kunne analysere offentleg politikk generelt, og helse- og velferdspolitiske spørsmål spesielt
  • kunne analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor generelt, og i helse- og velferdssektoren sektoren spesielt
  • kunne analysere sentrale utviklingstrekk i helse- og velferdsektoren, og kunne drøfte korleis slike utviklingstrekk påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving i sektoren

 

:

 

  • Med bakgrunn i ovannemnde kunnskapar og dugleikar skal studentane ha generell kompetanse i å analysere konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg forvaltning generelt og leiing og  profesjonsutøving i helse- og velferdssektoren spesielt, samt kunne reflektere over korleis dette kan omsetjast til ein lokal kontekst.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar. Gruppearbeid. Caseoppgåver. Individuell rettleiing i utarbeiding av tekst til mappeoppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Fire læringsnotat: fire korte notat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Ein litt større tekst der studenten drøftar eigen læringsprosess (2000- 3500 ord).

Arbeidskrav 5a og 5b må begge vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Eit godkjent arbeidskrav er gyldig i dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning. 

Det blir gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskravet. Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Eit arbeidskrav er gyldig dei fire påfølgande semester. 

Vurderingsform

Oppgåve om helse- og velferdspolitiske spørsmål og/eller utfordringar der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva skal løysast individuelt (omfang om lag 6000 ord) eller i gruppe på 2 - 3 studentar. Omfanget blir utvida dersom oppgåva er eit gruppearbeid (8000 - 10000 ord).

 

Bokstavkarakter. 

 

Ved stryk kan omarbeidd oppgåve bli levert inn. 

 

Dersom studenten ønskjer å forbetre ein karakter, kan omarbeidd oppgåve bli levert inn neste gong eksamen i emnet blir arrangert.