VPL5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i en gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og veiledning av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Mappe-eksamen tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeidet med mappe-eksamen gjennom heile praksisperioden
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne skal kandidaten ha/kunne:
Kunnskap:
- har kunnskap om praksisplassen sin ideologi, organisering og forvaltning
- har kunnskap om brukarmedverknad og korleis leggje til rette for medverknad i omsorgs- og forbetringsprosessar
- kan oppdatere sin fagkunnskap på relevante helsefaglege område
- har kunnskap om farmakologi og legemiddelhandtering
- har kjennskap til ulike profesjonar sine bidrag på og i tilknyting til praksisplassen
- kjenner til forbetringsarbeid og forsking på helsefaglege områder.
Ferdigheiter:
- kan anvende fagleg relevant kunnskap om hygiene, smitte, grunnleggjande pleie og omsorg, helsefaglege prosedyrar, farmakologi og legemiddelhandtering i praktisk arbeid, samt å kunne grunngje sine val.
- kan anvende prinsipp om kunnskapsbasert praksis.
- anvende kunnskap om aktuelle sjukdomar og behandlingsformer for å observere og gje forsvarleg helsehjelp til eldre og sjuke
- Kan reflektere over eiga yrkesutøving i møte med tenestemottakarar og kollegaer; og har evne til å justere seg på bakgrunn av tilbakemeldingar og veiledning.
Generell kompetanse:
- Kan planlegge og gjennomføre helsefaglege prosedyrar og identifisere, gjennomføre og dokumentere helsehjelp i tråd med fagleg krav og etiske retningslinjer
- Har innsikt i relevante etiske og faglege problemstillingar innan helse ¿ og omsorgsfaglege tema.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med brukar, kollega og andre naturlege aktørar i nettverket rundt brukar, og bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Alle emne på første år skal vere greidde. Studenten skal ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet Helsefag
Undervisnings- og læringsformer
Praksis og oppgåver
Obligatorisk læringsaktivitet
- Læreavtale
- Skriftleg gruppearbeid med utgangspunkt praksis
- 9 veke praksis. Det er krav til nærvær i praksis
Særleg om praksis:
GODKJENNING
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis.
VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING
Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.
Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.
Vurderingsform
Mappeeksamen 4000 ord +/- 10%
Bokstavkarakterar
Ved stryk kan omarbeida oppgåve leverast på nytt.