VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Arbeid med og for personar med kognitive vanskar er utgangspunktet i dette emnet. Det vert særleg vektlagt at studenten skal øve seg i å arbeide kunnskapsbasert, samt få innføring og trening i å anvende ulike metodar som kan nyttast i miljøarbeid. Supplerande kommunikasjon (ASK), kunnskap om motorisk utvikling og bevegelse, reglar for å nytte tvang og makt, nettvertk, sjølvbestemmelse og samtykke, er tema som er omhandla i dette emnet.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal kandidaten ha:
Kunnskap :
- har kunnskap om metodiske tilnærmingar i miljøarbeid, som grunnlag for systematisk arbeid saman med tenestemottakar
- har brei kunnskap om kva som hemmar og fremjar sjølvbestemmelse, samt kan gjere greie for sentrale problem knytt til samtykke-kompetanse
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid kring funksjonshemming, og kan oppdatera sin eigen kunnskap
- kan oppdatera sin kunnskap om velferdsteknologi for tenestemottakarar
Ferdigheiter:
- har ferdigheiter innan kommunikasjon med personar med kommunikasjonsvanskar, og med dette som grunnlag bidra til deltaking, sjølvråderett og personleg vekst for personar med kognitiv svikt
- har forståing for betydningen av likeverdig kommunikasjon og samspel prega av respekt og empati, beskrive korleis dette vert etablert og justera denne under rettleiing
- kan planlegga og gjennomføra sosiale aktivtetar og bevegelse åleine eller som medlem i ei gruppe
- har ferdigheiter i å planlegga og gjennomføra faglege tilretteleggingar, som fremjar inkludering og tenestemottakarar sine mål
- har ferdigheiter om å søka, vurdera informasjon og fagstoff, slik at dette er relevant og kastar lys over ei fagleg problemstilling i vernepleiefagleg arbeid
Generell kompetanse:
- kan arbeide kunnskapsbasert, identifisere behov, gjennomføre og evaluere intervensjon av miljø som har normale levekår som mål, og er i samsvar med tenestemottakar sine ønskjer og behov
- kan utveksla synspunkt, erfaringar samt formidla fagstoff om relevante faglege problemstillingar, både skriftleg og munnleg som igjen fører til god praksis
Krav til forkunnskapar
Alle emner frå første studieår må vere greidde. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i begge emna på hausten 3 semester.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening.
Obligatorisk læringsaktivitet
Krav om minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning Eit skriftleg arbeidskrav. Deltaking i ferdigheitstrening
Vurderingsform
Munnleg individuell eksamen.