Hopp til innhald

VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Arbeid med og for personar med kognitive vanskar er utgangspunktet i dette emnet. Det vert særleg vektlagt at studenten skal øve seg i å arbeide kunnskapsbasert, samt få innføring og trening i å anvende ulike metodar som kan nyttast i miljøarbeid og vernepleiefagleg arbeid.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • om etiske teoriar og refleksjonsprosessen
  • om metodiske tilnærmingar i miljøarbeid, som grunnlag for systematisk arbeid saman med tenestemottakar
  • om kva som hemmar og fremjar sjølvbestemmelse, samt kan gjere greie for sentrale problem knytt til samtykke-kompetanse
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid kring funksjonshemming, og kan oppdatera sin eigen kunnskap
  • om velferdsteknologi for tenestemottakarar

Ferdigheiter:

  • øve opp evna til etisk refleksjon
  • innan kommunikasjon med personar med kommunikasjonsvanskar, og med dette som grunnlag bidra til deltaking, sjølvråderett og personleg vekst for personar med kognitiv svikt
  • har forståing for betydningen av likeverdig kommunikasjon og samspel prega av respekt og empati, og kunne beskrive korleis dette vert etablert
  • kan planlegga og gjennomføra sosiale aktivtetar og bevegelse åleine eller som medlem i ei gruppe
  • i å planlegga faglege tiltak, som fremjar tenestemottakarar sine mål
  • i å søka, vurdera informasjon og fagstoff, slik at dette er relevant for ei fagleg problemstilling i vernepleiefagleg arbeid

Generell kompetanse:

  • kan arbeide kunnskapsbasert, identifisere behov, gjennomføre og evaluere intervensjon av miljø som har normale levekår som mål, og er i samsvar med tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan utveksla synspunkt, erfaringar samt formidla fagstoff om relevante faglege problemstillingar, både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår må vere greidde. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i begge emna på hausten 3 semester.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Krav om minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning
  • Eit skriftleg arbeidskrav
  • Deltaking i ferdigheitstrening. 

Vurderingsform

Munnleg individuell eksamen. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel