Hopp til innhald

VPL5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i en gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og veiledning av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Mappe-eksamen tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeidet med mappe-eksamen gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne kan/har kandidaten

  • har (brei) kunnskap om systematisk arbeid med å grunngje fagleg oppfølging av tenestemottakarar
  • har kunnskap om rammebetingelsar som påverkar tenesteutøving til menneske med utviklingshemming, og oppdatera kunnskapen gjennom praksisopplæring
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor tenester til personar med utviklingshemming

  • har gode ferdigheiter om tilrettelegging for at personar med kognitiv svikt skal oppnå sjølvråderett og personleg vekst
  • har gode ferdigheiter om å planlegga oppfølging som fremjar sosial deltaking og bidreg til tenestemottakarar sine mål
  • har ferdigheiter om innsamling av data og informasjon, som saman med teoretisk kunnskap vert relevant for tenestemottakar
  • nytta kunnskap om kommunikasjon, samhandling og aktivitet med menneske med psykisk utviklingshemming, og justera kommunikasjon i tråd med rettleiing

  • kan formidla fagstoff og hevda eigne vurderingar av faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg
  • kan planlegga og gjennomføra oppfølging av ulike sosiale aktivtetar og bevegelse utfrå tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan yta heilskapleg omsorg på ein sjølvstendig måte, samarbeida med andre yrkesutøvarar og dokumentera eigen praksis

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår og haustsemesteret andre studieår. Sett inn kode. Opparbeidd seg eksamensrett i ement vernepleiaren som miljøarbeidar sett inn kode

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav i praksis

  • Læreavtale
  • Gjennomført praksis. Det er krav til nærvær i praksis
  • Arbeidskrav i grupper med utgangspunkt i praksis

GODKJENNING AV PRAKSIS
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer godkjenning/ikkje godkjenning av praksis.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING
Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Både læreavtale og praksis må vera godkjent for å kunne framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Mappeeksamen 4000 ord +/- 10%

Bokstavkarakter

Ved stryk kan omarbeida oppgåve leverast på nytt.