Hopp til innhald

BFY103 Fysiologi 1

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet er inndelt i eit kort introduksjonskurs i anatomi og fysiologi, som blir undervist felles for alle 1.årsstudentane ved Institutt for helse og funksjon. Introduksjonskurset skal gi grunnlag for vidare undervisning. Fysiologi 1 er det første av to fysiologikurs på bachelor fysioterapi. I dette kurset vil vi fokusere på muskelens oppbygging og funksjon, nervesystemet og det endokrine systemet. Forståelse for vår bakgrunn for bevegelse og motorikk er viktig i dette kurset.

 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Introduksjonskurs (felles):
Studenten...

  • kan forklare kva anatomi og fysiologi er
  • kan gjere rede for oppbygning av cella og forklare sentrale cellulære prosessar
  • kan beskrive hovedtrekk ved organsystema og deira oppgåver
  • kan beskrive hovedtrekk ved bevegelssystemets oppbygging

 Fysiologi 1

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om muskeloppbygging og funksjon
  • har god kunnskap om nervesystemets funksjon og oppbygging
  • har grunnleggande kunnskap om det endokrine system

 Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan forklare oppbygging av ulike muskeltypar
  • kan reflektere over korleis sansane påverkar røyrsle
  • kan reflektere over korleis nervesystemets oppbygging og funksjon påverkar menneskets funksjonsevner
  • kan beskrive oppbygging og funksjon av det endokrine system

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i samanhengen mellom nervesystemes anatomi og funksjon
  • har god forståelse for kva betyding muskelens mikro-anatomi har for dens funksjon
  • har god forståelse for sansane sin innverknad på røyrsle
  • har innsikt i utvikling av nervesystemet
  • har forståelse for korleis nervesystemet og det endokrine systemet samarbeider for regulering av kroppens funksjonar

Tilrådde forkunnskapar

Det er en fordel å ha hatt nokre av realfaga på videregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten har ansvar for eigen studiesituasjon og læringsprosess. Det vil bli lagt til rette for læring gjennom forelesningar der oppgåveløysing enkeltvis og i grupper kan inngå. Forelesningane legg opp til at studentane møter førebudde og er aktivt deltakande i timane.

Det er lagt opp til stor grad av eigenstudie i dette emnet

Obligatorisk læringsaktivitet

  • en interaktiv test avsluttar introduskjonskurset
  • to interaktive testar for fysiologi 1

Kvar test tar 30 min og studentane har 3 forsøk. 70% må være riktig for å få godkjent resultat. Arbeidskrava er gyldige i 3 semester.

Vurderingsform

Skriftlig skuleeksamen under tilsyn
4 timer

Vurderingsuttrykk
Bestått/ikkje bestått.

Ny eksamen
Gjennomføras etter same mal som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel