Hopp til innhald

BSV5-301 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) inneber at studentar skal arbeide tverrprofesjonelt med mål om forbetring av kvalitet i tenestane. Gruppene er tverrprofesjonelt samansett med inntil 6 studentar i kvar gruppe. Høgskulen har ansvar for å inngå avtalar med ulike oppdragsgjevarar.  Emnet er på 10 veker, inkludert førebuing og eksamen. I undervisninga vektlegges innføring i prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring og organisasjonsteori.  Prosjektarbeidet skal utgjere 30 timar kvar veke, i tillegg har studentane ein studiedag i veka. Studentane skal utarbeida ein skriftleg prosjektrapport som er grunnlaget for munnleg eksamen. Det vert gitt tilbod om rettleiing på prosjektrapporten.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om grunnlaget til tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)
  • kunnskap om ulike profesjonar si rolle tverrprofesjonell samarbeidslæring
  • kunnskap om forbetring av tenester i samarbeid med oppdragsgjevar, og kunne gjennomføre eit forbetringsarbeid i praksisfeltet
  • kunnskap kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar med særleg vekt på organisasjonar der ulike profesjonar arbeider saman.

Ferdigheiter:

  • nytte prosjektarbeid som ein metode til å forbetre tenester, i samarbeid med andre profesjonar
  • vidareutvikle sin kompetanse i samhandling

Generell kompetanse:

  • planlegge og gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid som deltakar i ei gruppe i samarbeid med oppdragsgjevar frå praksisfeltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieår må vere greidd og ein må ha opparbeid seg eksamensrett i emnet BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø for barnevernstudentane, SOS5-309 Sosialt arbeid - samansette livsproblem for sosionomstudentane og VPL5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid for vernepleiestudentane.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førpraksisseminar, prosjektarbeid, rettleiing, skriftlege og munnlege presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på førpraksisseminar og i alle deler av prosjektarbeidet
  • Skriftleg gruppeoppgåve: kontrakt for prosjektarbeidet
  • Innlevering av gruppelogg kvar veke
  • Studentane stadfestar kvarandre si deltaking i arbeidet
  • Individuell skriftleg oppgåve på 1000 ord +/- 10%

 

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse. Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve. 

Alle arbeidskrav må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen. Arbeidskrava er gyldige i påfølgande 3 semester.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen med bokstavkarakter. Prosjektrapporten dannar grunnlag for eksamen.  Ved karakteren F må studenten gå opp til ny individuell munnleg eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel på eksamen:

  • prosjektrapport.

Meir om hjelpemiddel