Hopp til innhald

BSV5-301 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) inneber at studentar skal arbeide tverrprofesjonelt med mål om forbetring av kvalitet i tenestane. Gruppene er tverrprofesjonelt samansett med inntil 6 studentar i kvar gruppe. Høgskulen har ansvar for å inngå avtalar med ulike oppdragsgjevarar. Praksis er på 10 veker, inkludert førebuing og eksamen. I undervisninga vektlegges innføring i prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring og organisasjonsteori.  Prosjektarbeidet skal utgjere 30 timar kvar veke, i tillegg har studentane ein studiedag i veka. Studentane skal utarbeida ein skriftleg prosjektrapport som er grunnlaget for munnleg eksamen. Det vert gitt tilbod om rettleiing på prosjektrapporten.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om grunnlaget til tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)
  • har kunnskap om ulike profesjonar si rolle tverrprofesjonell samarbeidslæring
  • har kunnskap om forbetring av tenester i samarbeid med oppdragsgjevar, og kunne gjennomføre eit forbetringsarbeid i praksisfeltet
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar med særleg vekt på organisasjonar der ulike profesjonar arbeider saman.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan nytte prosjektarbeid som ein metode til å forbetre tenester, i samarbeid med andre profesjonar
  • kan vidareutvikle sin kompetanse i samhandling

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid som deltakar i ei gruppe i samarbeid med oppdragsgjevar frå praksisfeltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieår må vere greidd og ein må ha opparbeid seg eksamensrett i emna:

BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø for barnevernstudentane

SOS5-309 Sosialt arbeid - samansette livsproblem for sosionomstudentane  

VPL5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid for vernepleiestudentane

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førpraksisseminar, prosjektarbeid, rettleiing, skriftlege og munnlege presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på førpraksisseminar og i alle deler av prosjektarbeidet
  • Godkjent kontrakt for prosjektarbeidet (gruppe)
  • Innlevering av prosjektrapport (gruppe). Maks 2500 ord. Prosjektrapporten dannar grunnlag for munnleg eksamen.

Studentane stadfestar kvarandre sine bidrag i gruppa. 

Alle arbeidskrav må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen. Arbeidskrava er gyldige i påfølgande semester.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, prosjektrapporten dannar grunnlag for munnleg eksamen.

Vurderingsuttrykk 
Bokstavkarakter A-F  

Ny eksemen 
Ved karakteren F må studenten gå opp til ny individuell munnleg eksamen. Dei kan arbeide vidare på prosjektrapporten. 

Ved neste ordinære eksamen må praksis med emne takast på nytt. 

 

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse. Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel på eksamen:

  • prosjektrapport.

Meir om hjelpemiddel