Hopp til innhald

BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet er samansett av faga, pedagogikk og aktivitetsfag. Studenten skal gjennom aktivitetsfaga få kunnskap om korleis aktivitetsfaga digitale verktøy, musikk, idrett- og friluftsliv og kunst & handverk har direkte relevans i barnevernsarbeid. Studentane betaler sjølv eventuelle utlegg til turar, material og liknande i aktivitetsfaga.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • kunnskap om prinsippa for pedagogisk tilnærming til problematisk åtferd sett i eit relasjonelt perspektiv
  • kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen

Ferdigheiter:

  • kunne nytte relasjonelt perspektiv til å analysere ein pedagogisk situasjon og bruke denne som handlingskunnskap i direkte arbeid med barnet og ungdom
  • kunne bruke aktivitetar som middel i kontaktetablering med ungdom som har sosiale vanskar

Generell kompetanse:

  • kunnskap om korleis legge til rette for aktivitetar for barn og unge og kunne sette aktivitetane inn i ein pedagogisk og miljøterapeutisk samanheng

Krav til forkunnskapar

Alle emna i første og andre studieår må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, praktiske aktivitetar og individuelt studium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i aktivitetsfaga.

Vurderingsform

Sluttvurderinga er todelt.

Del 1. Praktisk-munnleg framføring i gruppe. Vekting 50 %

Del 2. Individuell skriftleg heimeeksamen. Vekting 50 %

Bokstavkarakterar

Ved ny eksamen på grunn av stryk skal den delen av eksamen som er vurdert til stryk takast opp att.

Dersom gruppa stryk på del 1, må gruppa ta eksamen om igjen. Gruppa får felles karakter.

Dersom kandidaten får karakter F på del 2, kan han/ho levere revidert utgave av same opggåve ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakter F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel