Hopp til innhald

ID3-322 Forskingsmetode og bacheloroppgåve i friluftsliv

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gi studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskningsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport. Studenten har krav på rettleiing i prosessen. 

Læringsutbytte

Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan kritisk vurdere vitskapelig litteratur som er relevant for ei problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan gjera litteratursøk og kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
  • kan behandle, analysere og tolke data

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport

Krav til forkunnskapar

90 sp frå bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor idrett og kroppsøving, bacheor friluftsliv eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeider saman.

Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av kjelder.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering og godkjenning av prosjektskisse, innlevering av skriftleg metodearbeid, presentere og delta på Work in Progress (WIP)-seminar

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve i friluftsliv, gradert karakter (A - F)

Studentar som får karakteren F eller ikkje greidd på bacheloroppgåva, kan levera revidert versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F/ikkje greidd også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Nytt svar og ny problemstilling gjeld også for studentar som vil forbetre sin karakter.