Hopp til innhald

MASA301 Samfunnsvitskapelege forskningsmetode

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet gir grundig innføring i samfunnsvitskaplege forskingsmetodar. Forsking tek til med å avgrense interessefeltet og formulera forskingsspørsmål. Case-studiar er mykje brukt i samfunnsarbeid, og utgjer ei ramme for måtar å finna, skapa og analysera data på. Ulike typar data svarar ulikt på same forskingsspørsmål, og gir eit utfyllande bilete av eit felt.

Emnet vil gi ei brei innføring i kvalitativt og kvantitativt orienterte samfunnsvitskaplege forskingsmetodar. Bruk av registerdata, gjenbruk av data og produksjon av nye forskingsdata er sentralt i samfunnsarbeid og i dette emnet. Emnet vil gje studentane brei innføring i krav til forsvarleg forsking, forskingsetikk, og metodar for kritisk gransking av forskingsresultat.

Sentrale tema:

  • Utforming av fagutviklingsprosjekt og forskingsdesign
  • Produksjon og analyse av ulike typar data (tekst, tall, lyd, bilete osb.)
  • Deltaking i forsking og medforsking
  • Tolking og vurdering av forskingsresultat (tekst, tall, lyd, bilete osb.)
  • Akademisk skriving og argumentasjon

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om deskriptiv statistikk, diskursanalyse, spørjeskjema, intervju, gruppebaserte metodar, og etnografiske metodar
  • kan bruka kunnskapen på mange område og kan analysera faglege problemstillingar
  • har inngåande kjennskap til dei strukturelle og sosiokulturelle vilkåra for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt

Evner:
Studenten...

  • kan formulera faglege utfordringar og forskingsspørsmål
  • kan planlegga og gjennomføra eit fagutviklingsarbeid eller eit forskingsprosjekt
  • kan dokumentera og formidla arbeidsprosesser og kunnskapsbidrag til fagfeller og ålmenta

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan skrive prosjektplan etter ålment aksepterte standardar
  • kan stille seg kritisk til innebygde føresetnader og etiske utfordringar
  • kan invitere og involvere til deltaking og medforsking

Krav til forkunnskapar

Studierett Master i samfunnsarbeid - HVL - Bergen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning i emnet er i første semester.Forelesingar, øvingar, arbeidsoppgåver i gruppe, sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg eksamen under tilsyn, 6 timar

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.