MASPED3-300 Spesifikke lærevanskar
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på å kvalifisere studentane til sjølvstendig spesialpedagogisk arbeid, inkludert rådgjeving og rettleiing, for personar med spesifikke lærevanskar (lese- og skrivevanskar og språkvanskar) i barnehage, skule, PP-tenesta og andre utdanningseiningar. Emnet tek for seg opplæringsaspekt retta mot personar med utfordringar knytt til læring og utvikling i eit teoretisk og didaktisk perspektiv. Emnet siktar mot å gje studentane opplæring i spesialpedagogisk arbeid der årsakstilhøve, kartlegging, førebygging og tiltak står sentralt. Innhaldet vert konsentrert om tre område med to tema i kvart semester:
1. semester:
Språkvanskar (10 sp)
- Generelle og spesifikke språkvanskar og tilleggsvanskar i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
- Kommunikasjonsvanskar og språkleg utvikling
- Kartleggingsprosedyrar og spesialpedagogiske tiltak i eit kommunikasjons- og samspelsperspektiv
- Evaluering av tiltak
- Førebyggande arbeid og evaluering
Psykososiale vanskar del 1 (10 sp)
- Psykososiale vanskar som primær- og sekundærvanske i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
- Psykisk helse som omgrep, relatert til barnehage og skule i eit folkehelseperspektiv
- Åtferdsmessige utfordringar knytt til eksternalisert og internalisert veremåte
- Førebyggande arbeid og evaluering
- Analyse, kartlegging, tiltak og tiltaksevaluering
2. semester:
Lese- og skrivevanskar (10 sp)
- Lese-, stave- og skriveutvikling i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
- Førebygging av lese- og skrivevanskar og av sekundære vanskar
- Undervisning, tilrettelagt opplæring og særskilte tiltak
- Kartlegging og evaluering av tiltak
Psykososiale vanskar del 2 (10 sp)
- Psykososiale vanskar som primær- og sekundærvanske i eit teoretisk-, forskings- og didaktisk perspektiv
- Læringsutfordringar, til dømes svært gåverike barn og multifunksjonshemma personar
- Psykososiale vanskar i ulike grupper, til dømes barn av psykisk sjuke foreldre og fattigdomsproblematikk
- Migrasjonsrelaterte utfordringar
- Førebyggande strategiar og tidleg intervensjon
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande teori- og forskingsbasert kunnskap om årsakstilhøve, ulike risiko- og ressursfaktorar som har verdi for forståing av lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke førebyggande og behandlande tiltak i eit individ- og systemperspektiv knytt til lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar
- kan gjennomføre sjølvstendig kartlegging av språkvansker og lese- og skrivevanskar og vurdere resultatet
Generell kompetanse
Studenten
- kan identifisere og vurdere risiko for utvikling av psykososiale vanskar
- kan identifisere og vurdere språkvanskar i relasjonelle perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over dei som følgjer av opptak.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen ut over dei som følgjer av opptak.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er samlingsbasert, med 3 samlingar à 4 dagar pr semester. Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformene.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. semester:
- Eitt kartleggingskurst knytt til Psykososiale vanskar og eitt knytt til språkvanskar
- Analyse og skriftleg vurdering av to vitskaplege artiklar
- Utarbeide plan for feltarbeidet
2. semester:
- Eitt kartleggingskurs knytt til Lese- og skrivevanskar
- Gjennomført feltarbeid, 15 dagar
- Eit munnleg framlegg i gruppe knytt til feltarbeidet
- Ein individuell skriftleg sluttrapport knytt til feltarbeidet
Vurderingsform
1. semester: Individuell, skriftleg eksamen i Psykososiale vanskar del 1 og Språkvanskar . Tid: 6 timar Vekting: 50%
2. semester: Individuell, skriftleg eksamen i Lese- og skrivevanskar og Psykososiale vanskar del 2. Tid: 6 timar Vekting: 50 %
Bokstavkarakterar A til F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel