OR6-1001 Organisasjonsteori
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Overordna tema:
- Samfunnsoppgåve og effektivitet
- Organisasjonsstruktur
- Organisasjonskultur
- Makt og konflikt i organisasjonar
- Leiing, motivasjon og endring
Læringsutbytte
Ein kandidat skal oppnå følgjande læringsutbytte:
Ved fullført emne har studenten brei kunnskap om omgrep og teoriar knytt til
- verdiskaping og måloppnåing
- ulike organisasjonsformer og -strukturar
- forholdet mellom individ, organisasjon og omgivnader
- kultur, makt og konflikt i organisasjonar
- kommunikasjons- og beslutningsprosessar i organisasjonar
- læring, innovasjon og endring i organisasjonar
- leiing i og av organisasjonar
- etikk og organisasjonars samfunnsansvar
Ved fullført emne kan kandidaten bruke fagleg kunnskap til å
- ta i bruk analyseverktøy som t.d. interessentanalyse for å kartlegge handlingsrommet for leiarar i ein organisasjon
- skildre og drøfte ulike dilemma som oppstår i moderne organisasjonar
- utforme tiltak for å løyse opp eller handtere slike dilemma
- utforme tiltak som kan bidra til å fremje organisasjonars effektivitet og måloppnåing
Ved fullført emne har studenten innsikt i og kan formidle kunnskap om
- korleis verdiskaping skjer i organisasjonar
- skilnader og likskapar mellom offentleg og privat verksemd
- den norske arbeidslivsmodellen som ramme for åtferd i organisasjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåver med tilbakemelding/gjennomgang i plenum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeidskrav. Hovudregelen er at arbeidskravet er eit gruppearbeid.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel