Hopp til innhald

PS1-301 Vitskapsteori, metode og etikk

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt, og forsking innan psykisk helsearbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelige publikasjonar vert vektlagt. Sentrale tema som blir belyst er:

  • Vitskapsteori og metode
  • Litteraturstudie
  • Akademisk skriving
  • Datainnsamlingsmetodar for kvantitativ og kvalitativ metode

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan/har kandidaten:

Kunnskap:

  • inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv
  • inngåande kunnskap om karakteristika ved kvantitative forskingsmetodar og kvalitative forskingsmetodar
  • inngåande kunnskap om etiske prinsipp for forsking, og evne til å kritisk vurdere etiske aspekt ved gjennomføring av et forskingsprosjekt
  • inngåande kunnskap om prinsipp for akademisk kjeldehandtering og siteringspraksis.
  • inngåande kunnskap om etiske og metodiske utfordringar av spesielt stor relevans for psykisk helsearbeid

Ferdigheiter:

  • kritisk evaluere metodologiske aspekt ved kvalitative og kvantitative forskingsprosjekt
  • identifisere og kritisk evaluere etiske aspekt ved forskingsprosjekt
  • kritisk vurdere kjeldebruk i vitskapelige publikasjonar

Generell kompetanse

  • innsikt i vitskapsteoretiske og metodologiske aspekt ved vitskapleg verksemd generelt
  • nytte kunnskapen til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelege publikasjonar

Krav til forkunnskapar

Sjå opptakskrav til Vidareutdanning Psykisk helsearbeid

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.

Gruppeoppgåver basert på kritisk gjennomlesing av fagfellevurderte vitskapelige artiklar med spesiell relevans for fagfeltet. Munnleg framlegg i plenum.

Seminar: Eit halvdagseminar der aktuelle forskarar ved HiSF, Helse Førde, eller praksisfeltet presenterer pågåande forsking innanfor fagfeltet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Gruppeoppgåve der sentrale spørsmål knytt til vurdering av vitskapelige artiklar blir presenterte i plenum. 80% obligatorisk oppmøte i gruppearbeid. Maks fem studentar i kvar gruppe.
  • 80 % frammøte til rettleiing i gruppe (2 timar)

Vurderingsform

Individuell skrifteleg skuleeksamen, 4 timar. Karakterskala A - F, med A som beste karakter og karakteren F som ikkje bestått.