SA587 Europa-studium: Tverrfaglege perspektiv på Europa før og no
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet er todelt, med ein del som fokuserer på utviklinga av Europas eigenart og identitet i eit historisk perspektiv og ein del som ser på den europeriske integrasjonen frå ein samfunnsvitskapeleg ståstad.
Den historiske delen tar utgangspunkt i det europeiske fellesskapet som fanst i middelalderen og renessansen, og korleis dette over tid vart påverka av ulike moderniseringsprosessar som endring i familiemønstr, kvantifisering, kritisk tenking, vitskapeleg revolusjon og opplysing, sivilisering, disiplinering, dei industriøse og industrielle revolusjonane, urbanisering, demokratisering, og framveksten av nasjonalstaten. Europas økonomiske og politiske dominans i storheitstida vert utforska i komparative og globale perspektiv og i relasjon til den europeiske sivilisasjonens samanbrot i dei to verdskrigane.
I den samfunnsvitskapelege delen vil fokuset vere på drivkreftane og bremseklossane i europeisk integrasjon etter andre verdskrig og fram til i dag, rolla til EU internasjonalt og regionalt, og europeisk identitetsdanning. Sentrale tema vil vere europeiske institusjonar og demokratisk underskot, regionalt samarbeid, barn og unge i Europa, det fleirkulturelle Europa og europeisk mobilitet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i europeisk historie og i dagens Europa
- kjenner til ulike teoriar og modellar for europeisk økonomisk utvikling og europeisk integrasjon
- kan gjere greie for utviklinga i kultur og mentalitet i Europa
- kjenner til skilnader mellom Europa og andre delar av verda
- har kunnskap om historiske endringar i familiemønster og utfordringar for barn og unge i dagens Europa
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte korleis kultur, økonomi, og politikk heng saman i ein større kulturkrets
- kan reflektere over dei etiske sidene ved europeisk ekspansjon og dominans
- kan nytte historisk kunnskap til å forstå Europa i dag
- kan reflektere over rolla til EU som ein internasjonal og regional aktør
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
- kan analysere forholdet mellom brot og kontinuitet i historia
- kan nytte si forståing av rolla til nytenking og innovasjon i europeisk historie til å forstå innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn
- kan jobbe tverrfagleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarundervisning og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk deltaking på to seminar. Studentar som er forhindra frå å gjennomføre arbeidskravet, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord (per seminar) på ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel