Hopp til innhald

SA587 Europa-studium: Tverrfaglege perspektiv på Europa før og no

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er todelt, med ein del som fokuserer på utviklinga av Europas eigenart og identitet i eit historisk perspektiv og ein del som ser på den europeriske integrasjonen frå ein samfunnsvitskapeleg ståstad.

Den historiske delen tar utgangspunkt i det europeiske fellesskapet som fanst i middelalderen og renessansen, og korleis dette over tid vart påverka av ulike moderniseringsprosessar som endring i familiemønster, kvantifisering, kritisk tenking, vitskapleg revolusjon og opplysing, sivilisering, disiplinering, dei industriøse og industrielle revolusjonane, urbanisering, demokratisering, og framveksten av nasjonalstaten. Europas økonomiske og politiske dominans i storheitstida vert utforska i komparative og globale perspektiv og i relasjon til den europeiske sivilisasjonens samanbrot i dei to verdskrigane.

I den samfunnsvitskapelege delen vil fokuset vere på drivkreftane og bremseklossane i europeisk integrasjon etter andre verdskrig og fram til i dag, rolla til EU internasjonalt og regionalt, europeisk identitetsdanning, og dei moderne europeiske krisene. Sentrale tema vil vere europeiske institusjonar og demokratisk underskot, regionalt samarbeid, Noreg-EU-relasjonar og europeisk mobilitet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i europeisk historie og i dagens Europa
  • kjenner til ulike teoriar og modellar for europeisk økonomisk utvikling og europeisk integrasjon
  • kan gjere greie for utviklinga i kultur og mentalitet i Europa
  • kjenner til skilnader mellom Europa og andre delar av verda
  • har kunnskap om historiske endringar i familiemønster
  • har kunnskap om politiske, sosiale og økonomiske utfordringar i dagens Europa

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte korleis kultur, økonomi, og politikk heng saman i ein større kulturkrets
  • kan reflektere over dei etiske sidene ved europeisk ekspansjon og dominans
  • kan nytte historisk kunnskap til å forstå Europa i dag
  • kan reflektere over rolla til EU som ein internasjonal og regional aktør

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
  • kan analysere forholdet mellom brot og kontinuitet i historia
  • kan nytte si forståing av rolla til nytenking og innovasjon i europeisk historie til å forstå innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn
  • kan jobbe tverrfagleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking på to seminar. Studentar som er forhindra frå å gjennomføre arbeidskravet, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord (per seminar) på ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.

Abeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende før ein kan gå opp til eksamen

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester. 

Vurderingsform

 Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel