Hopp til innhald

BVP5-206 Praksis og praksisrefleksjon

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen (refleksjon, teori og studentaktive læringsformer etter praksis). Emnet startar med praksis og vert avslutta med praksisrefleksjon. Studentane har praksisførebuingar i forkant av praksis med gjennomgang av ulike tema aktuelle for praksis.

Etter avslutta praksis skal studenten ha undervisning knytt til etikk, juss, konflikthandtering og media. Denne delen rettar fokus på erfaringar frå praksis knytt til relevante tema. Under praksisrefleksjonen skal studenten rette fokus på si eiga yrkesrolle og identitet. Studenten skal reflektere over erfaringar i praksis, eigen kunnskap ein har tileigna seg, samstundes som ein skal vere kritisk til eigen praksis. 

Studenten kan søkje om plass på Global Knowledge; sjå eigen studiemodell for 4. og 5. semester.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan studenten:

Kunnskap:

  • kunnskap om praksisplassen sitt formål, faglege oppgåver, organisering og sentrale samarbeidspartar
  • kunnskap om sentrale perspektiv, metodar, omgrep og aktuell forsking som er relevante for sin praksis

Ferdigheiter:

  • kan vise evne til å nytte faglege verktøy, metodar og omgrep som er relevant i eit sosialfagleg arbeid, særskilt knytt til sin eigen praksis
  • nytte fagleg kunnskap på relevante problemstillingar knytt til praksis, og gjere greie for sine val på ein fagleg og sakleg måte
  • kan vise evne til refleksjon over eigne haldningar og si eiga fagleg utøving

Generell kompetanse:

  • kan gje ei munnleg og skriftleg framstilling av faglege problemstillingar og løysingar som knyter teori til praksis
  • skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
  • arbeide sosialfagleg med brukarar i ulik kontekst
  • arbeide systematisk med fokus på brukarane sine ressursar og val
  • kan gjere sjølvstendige faglege vurderingar og grunngi desse i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • identifisere, forstå og analysere sosiale problem og iverksette relevante tiltak

Etter gjennomført emne har/kan studenten:

Kunnskap:

  • kunnskap om tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper i praksis
  • kunnskap om korleis ein handterer konfliktar i arbeidslivet, forstå arbeidsmiljølova og kva føringar den legg for yrkeslivet 

Ferdigheit:

  • kunne reflektere over eigen fagleg ståstad, og øve opp evna til etisk refleksjon
  • kunne diskutere media si rolle i det barnevernsfaglege feltet,  og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debattkanal
  • vere ein profesjonell yrkesutøvar i konfliktfylte saker

Generell kompetanse:

  • utvikle fagleg forståing for utfordringar og etiske dilemma i yrkesutøvinga
  • vere bevisst på si eiga yrkesrolle og identitet i det barnevernsfaglege arbeidet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidd. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet BS5-201 Kommunalt barnevern

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og klientretta praksis. Eiga yrkesretta arbeid på praksisplass under rettleiing frå praksisfeltet og kontaktlærar ved høgskulen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Krav om minimum 80% deltaking i obligatorisk undervisning.

  • Førebuing til praksis
  • Etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i praksisrefleksjon

Skriftlege arbeid i praksis:  

  • Læreavtale
  • Sjølvvald pensum
  • Praksisoppgåve med ei skriftleg tilbakemelding
  • Praksisrapport med evaluering av læreavtale

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i dei 3 påfølgande semester. Praksis og arbeidskrav må vera godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Praksisrefleksjon:

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd

I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:

  • Krav til nærvær på praksisplassen
  • Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med sjukdom. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråvær 10 dagar. Fråvær utover dette må avtalast med høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråvær over 10 dagar skal takast att. Dersom praksisopplæringa er delt i 2 periodar, må den første perioden vere fullført og godkjent før neste praksisperiode tek til.
  • Normer og reglar i arbeidslivet. Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

GODKJENNING

Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. 

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

"Studenten har krav på vurdering underveis i praksisstudiene, og skal halvveis eller seinest 3 uker før avsluttet praksisperiode få skriftlig melding dersom det oppstår tvil om godkjenning. Meldingen skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene." "Studenten må ha bestått praksisstudiene for å kunne fortsette studiene.." (Utdrag frå Rammeplanen, fastsett 01.12.2005)

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbart ikkje gir grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gitt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel:

Lovsamling eller utskrift frå lovdata

Ordliste

Meir om hjelpemiddel