GK304 Fleirkulturell prosjektpraksis
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Fleirkulturell prosjektpraksis har hovudfokus på 3 månader med praksis og prosjektarbeid i anten Zambia eller Madagaskar.
- Praksis/arbeid innenfor et felt som er relevant for studentane si profesjon/ bachelorutdanning
- Datainnsamling og prosjektarbeid. Tema for prosjektet skal godkjennes av rettleiar
- Individuell refleksjon, analyse og rapport skriving
- Samfunnsvitskapeleg metode og kritisk tenkning er sentrale arbeidsmåtar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kunnskap om samfunnsvitskapelege metoder/feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- bruke eigen profesjonskompetanse/fagkompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for mennesker frå andre kulturar
- samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med mennesker frå ulike kulturer
- anvende samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- overføre til norske forhold fag/profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst
- reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre mennesker
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng høgare utdanning og opptak på Global kulturkunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er knytt til praksis i ein annen kultur, diskusjonar med medstudentar under opphold i utlandet og samarbeid med medstudenter og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid i praksis, med datainnsamlinga og prosjektrapportskriving krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kultur.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane må aktivt delta på introduksjonsprogram. Obligatorisk deltaking på seminar og rettleiing. Gjennomført og godkjent praksis (inkludert før- og etterarbeid). Innsamling av data til prosjekt.
Vurderingsform
Individuell prosjektrapport. Ca 8000 ord. Bokstavkarakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel