GK305 Fleirkulturell praksis
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Fleirkulturell praksis har hovudfokus på praksis og prosjektarbeid i Zambia, men alternativ praksis i Sør-Afrika kan og være aktuelt.
- Praksis/arbeid på eit felt som er relevant for studentane si profesjon
- Datainnsamling og prosjektarbeid. Tema for prosjektet skal godkjennast av rettleiar
- Individuell refleksjon, analyse og rapportskriving
- Samfunnsvitenskapeleg metode og kritisk tenkning er sentrale arbeidsmåter
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten
Kunnskapar
Studenten
- kunnskap om samfunnsvitskaplege metoder/feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- bruke eigen profesjonskompetanse/fagkompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for mennesker frå andre kulturar
- samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med mennesker frå ulike kulturer
- anvende samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- overføre til norske forhold fag/profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst
- reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre mennesker
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng høgare utdanning og opptak på Global kulturkunnskap, og vera student på bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller barnevern.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformane er knytt til praksis i ein annan kultur, diskusjon med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid både i praksis, med datainnsamling og prosjektrapportskriving krev sjølvdisiplin og tilpasingsevne i ein ny kultur.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane må aktivt delta på introduksjonsprogram. Obligatorisk deltaking på seminar og rettleing. Gjennomført og godkjent praksis (inkludert før- og etterarbeid). Innsamling av data til prosjekt.
Vurderingsform
Individuell prosjektrapport. Ca 6000 ord. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel