GK305 Fleirkulturell praksis
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Fleirkulturell praksis har hovudfokus på praksis og prosjektarbeid i Zambia, men alternativ praksis i Sør-Afrika kan og være aktuelt.
- Praksis/arbeid på eit felt som er relevant for studentane sin profesjon
- Datainnsamling og prosjektarbeid. Tema for prosjektet skal godkjennast av rettleiar
- Individuell refleksjon, analyse og rapportskriving
- Samfunnsvitskapleg metode og kritisk tenking er sentrale arbeidsmåter
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar/feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
- kan samle inn og anvende relevant fagleg kunnskap i ulike faglege samanhengar både munnleg og skriftleg
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke eigen profesjonskompetanse/fagkompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
- kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
- kan anvende samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
- kan samhandle på tvers av ulike profesjonar
- skal ha innsikt i utøving av sosialt arbeid i ein ny kulturell kontekst
Generell kompetanse
Studenten
- kan overføre til norske forhold fag/profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst
- kan utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske og reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng høgare utdanning og opptak på Global kulturkunnskap, og vere student på bachelor i barnevernpedagogikk, sosialt arbeid eller vernepleie.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene er knytt til praksis i ein annan kultur, diskusjon med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid både i praksis, med datainnsamling og prosjektrapportskriving krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kultur.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Studentane må aktivt delta på introduksjonsprogram.
- Obligatorisk deltaking på seminar og rettleing.
- Gjennomført og godkjend praksis (inkludert før- og etterarbeid).
- Innsamling av data til prosjekt.
Vurderingsform
Individuell prosjektrapport. Ca 6000 ord. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel