Hopp til innhald

MS1-300 Brukaren i hjelpeapparatet

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Emnet fokuserer på samhandling i hjelpeapparatet sett frå brukarar sine perspektiv, og vil legge vekt på ulike perspektiv på mennesket, helse og sjukdom. Studentane skal få inngåande kunnskap om og forståing av korleis brukarar erfarer sjukdom, helse, sosiale vanskar og nedsett funksjonsevne. Kunnskap om brukarmedverknad og myndiggjering, samt kva familie, pårørande og det øvrige nettverket betyr står her sentralt. Emnet rettar merksemda mot vanskar i ulike livfasar og overgangar, gjennom tema om barn og ungdom, eldre, og langvarig sjuke. I dette inngår kunnskap om normalitet og avvik.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har/kan studenten

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om brukarrolla, brukardeltaking og myndigheit i lys av heilskaplege tenester
  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse, sjukdom, nedsett funksjonsevne og sosiale vanskar
  • inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar brukarar sine behov i eit utviklings- og livsfaseperspektiv
  • inngåande kunnskap om korleis legge til rette for brukardeltaking i fysisk aktivitet og førebygging av livsstilssjukdommar

Ferdigheiter

  • identifisere og diskutere ulike perspektiv på helse, sjukdom, nedsett funksjonsevne og sosiale vanskar, og vurdere kva konsekvensar dette har for brukarar og hjelpeapparatet
  • identifisere og diskutere kjenneteikn ved brukarar sine behov i eit utviklings- og livsfaseperspektiv for å kunne utarbeide heilskaplege tiltak
  • kritisk reflektere over kva familie, pårørande og øvrige sosiale nettverket betyr for brukarar, samt legge til rette for samarbeid med nettverket
  • mobilisere til og analysere vilkår for brukardeltaking i lys av heilskaplege tenester

Generell kompetanse

  • avansert kunnskap om samhandling sett frå brukarar sitt perspektiv
  • arbeide i tråd med normer for vitskapleg skriftleg arbeid
  • bidra med kunnskapsbaserte argument i diskusjonar om fagfeltet samhandling innan helse- og sosialtenester

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, dialogbasert undervisning, sjølvstudium, gruppearbeid. Seminar med framlegg av studentarbeid, opposisjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på skriveseminar

Skriftleg oppgåve med framlegg, opposisjon og diskusjon i plenum.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over ei veke. Omfang 2500 ord +\- 10%.

Gradert karakter A -F