SA6-409 Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet tek opp teoriar om styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk. Ein går inn på politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis dette dannar kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege profesjonsorganisasjonar. Eit institusjonelt perspektiv blir brukt for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor. På sektornivå er emnet sitt fokus retta å forstå politikken si rolle i helse- og velferdsspørsmål. Kva kjenneteiknar politikk i høve fagleg verksemd? Kva er profesjonane si rolle i velferdsstaten? Korleis påverkar nye styringsideologiar leiarrolla og profesjonsrolla? Kva er sentrale reformer og endringstrekk i helse- og velferdssektoren - framvekst og konsekvensar?
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter avslutta emne skal studenten
- ha kunnskap om offentleg politikk og korleis den blir utforma og sett iverk
- ha kunnskap om offentlege organisasjonar og offentleg forvaltning som institusjonar
- ha avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar innan offentleg sektor
- ha kunnskap om korleis internasjonale og nasjonale politiske trendar og føringar påverkar institusjonen dei arbeider innanfor
- ha kunnskap om profesjonar og profesjonsrolla, og om tilhøvet mellom politikk, administrasjon og profesjon
Ferdighet:
Etter avslutta emne skal studenten
- kunne analysere offentleg politikk generelt, og helse- og velferdspolitiske spørsmål spesielt
- kunne analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor generelt, og i helse- og velferdssektoren sektoren spesielt
- kunne analysere sentrale utviklingstrekk i helse- og velferdsektoren, og kunne drøfte korleis slike utviklingstrekk påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving i sektoren
Generell kompetanse:
- Med bakgrunn i ovannemnde kunnskapar og dugleikar skal studentane ha generell kompetanse i å analysere konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg forvaltning generelt og leiing og profesjonsutøving i helse- og velferdssektoren spesielt, samt kunne reflektere over korleis dette kan omsetjast til ein lokal kontekst.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar. Gruppearbeid. Caseoppgåver. Rettleiing i utarbeiding av tekst til mappeoppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Fire læringsnotat: fire korte notat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.
Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Ein litt større tekst der studenten drøftar eigen læringsprosess (2000- 3500 ord).
Arbeidskrav 5a og 5b må begge vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Eit godkjent arbeidskrav er gyldig i dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Det blir ved oppstart av emnet gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskravet.
Vurderingsform
Mappe som inneheld eitt arbeid
Oppgåve om helse- og velferdspolitiske spørsmål og/eller utfordringar der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva skal løysast individuelt (omfang om lag 6000 ord) eller i gruppe på 2 - 3 studentar. Omfanget blir utvida dersom oppgåva er eit gruppearbeid (8000 - 10000 ord).
Bokstavkarakter A-F.
Ved stryk kan omarbeidd oppgåve bli levert inn.