BI434 Vegetasjonsøkologi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gjev ei innføring i relevant teori og metode - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Noreg. Emnet bygg på kunnksap om plantemangfaldet i Norge og om viktige kretslaup i naturen, og legg eit grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning av norsk natur.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har innsikt i planters grunnleggande krav
- Kandidaten kjenner til ulike metodar for innsamling og analyse av vegetasjonsøkologiske data
- Kandidaten kjenner til kva faktorar som er årsak til den regionale vegetasjonsvariasjonen i Noreg
- Kandidaten kjenner til kva faktorar som er årsak til den lokale vegetasjonsvariasjonen i utvalde norske økosystem
- Kandidaten har innsikt i type- og beskrivelsessystemet for naturvariasjon i Norge, Natur i Norge (NiN 2.0)
Ferdigheiter
- Kandidaten beherskar relevante analyseverktøy som t.d. statistikkprogrammet R på vegetasjonsdata
Generell kompetanse
- Kandidaten har innsikt i relevante problemstillingar i faget
- Kandidaten kan planlegge og gjennomføre enkle vegetasjonsøkologiske undersøkelser
- Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på BI-424 Botanikk grunnkurs og BI-445 Økologi. Det er ei føremon med kunnskap i statistikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid og feltundervisning
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende arbeidskrav, muntlige og skriftlige, og deltaking på obligatoriske ekskursjoner
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter A - F