Hopp til innhald

FHS8202 Rettleiingspedagogikk med fokus på individ- og gruppenivå

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er ei vidareføring av Pedagogisk rettleiing - innføring. I dette emnet vert rettleiarrolla, rettleiingsprosess og gruppeprosessar drøfta i lys av didaktisk kunnskap. Emnet utforskar samanhengen mellom rettleiingsteori og rettleiingspraksis, gjennom undervisning, øving og planlegging av rettleiing.
Målgruppa er profesjonsutøvarar innan helse- og sosialfag, med ansvar for rettleiing.
Emnet er samlingsbasert / tre dagar og går over eit semester.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om ulike rettleiingsmodellar og metodar
  • har inngåande kunnskap om det relasjonelle aspektet i  gruppe og gruppeprosessar
  • har avansert kunnskap om planlegging av rettleiing, rettleiingsløp og rettleiingsprosess
  • har inngåande kunnskap om ulike kommunikasjonsteoretiske perspektiv i rettleiing
  • har avansert kunnskap om relasjonen si betyding for læring og utvikling

 

Ferdigheter:
Studenten..

  • kan meistre ulike rettleiingsmetodar
  • kan planlegge og gjennomføre ein rettleiingsprosess for enkeltpersoner og grupper
  • kan analysere rettleiingssituasjonar og gje grunna tilbakemeldingar
  • kan meistre rettleiing som verktøy for refleksjon og utvikling
  • kan kritisk reflektere over eigen rolle og eigne reaksjonar i rettleiing av enkeltpersoner og i gruppe

 

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan forstå og formidle betydinga av rettleiars verdiar, makt og ansvar i rettleiing
  • kan drøfte og treffe grunna val av rettleiingsmetodar individuelt og i grupper
  • kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i rettleiing, og kritisk vurdere val av handling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Pedagogisk rettleiing - innføring 10 studiepoeng, eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet stiller krav om eigenaktivitet og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer er vektlagt. Studenten vert utfordra til å bruke eigne erfaringar samt praksiskunnskapar inn i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt i dette. Undervisninga er samlingsbasert. HVL nyttar og læringsplattformen Canvas.

Det må påreknast ein samla arbeidsinnsats tilsvarande 135 timar

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Obligatorisk deltaking på dei tre samlingsdagane
  • Ein grupperettleiing, der kvar student skal ha rolle som rettleiar

Arbeidskrava er gyldige to påfølgjande semester.

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg individuell heimeoppgåve knytt til planlegging av eit rettleiingsløp. Omfang max 1500 ord

Vurderingsuttrykk
Bestått - ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått leverer studenten ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel