GE406 Geologi grunnkurs
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i sentrale geologiske omgrep:
- Jordas indre oppbygging
- Platetektonikk
- Danning av mineral og bergartar
- Indre prosessar: Magmatisk aktivitet, metamorfose og deformasjon av jordskorpa
- Ytre prosessar: Forvitring, erosjon, skråningsprosessar, transport og avsetning av sediment og danning av sedimentære bergartar
- Ulike geologiske landformer
- Oversyn over Norges geologi
- Øvingar i dei viktigaste mineral og bergartar, jordartar, bruk av geologiske kart.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kjenna til dei viktigaste geologiske prosessane som verkar i det indre av jorda og i jordskorpa.
- Kjenna til dei viktigaste prosessane som dannar ulike geologiske landformer på jordoverflata.
Ferdigheiter
- Kunne identifisere om lag 25 ulike mineral og om lag 30 ulike bergartar.
- Kunne beskrive lausmasseprøvar og identifisere sannsynleg avsetjingsprosess.
- Kunna bruka topografiske- og geologiske kart.
Generell kompetanse
Forstå sentrale geologiske omgrep og prosessar som verkar i det indre av jorda og prosessar som fører til danninga av ulike geologiske landformer på jordoverflata.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, laboratoriekurs og obligatoriske ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på ekskursjonar.
Obligatoriske innleveringar (8/10).
Vurderingsform
Eksamen er skriftleg og todelt. Kvar enkelt deleksamen må vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom deleksamen ikkje er greidd, kan ein ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.
Første del, Praktisk prøve (2 x 45 minuttar) med identifisering av ulike mineral, bergartar og jordartar, og i bruk av geologiske kart, vekting 30 %.
Andre del, Skriftleg eksamen (4 timar, digital), vekting 70 %.
Bokstavkarakter: A - F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel