ID3-102 Idrett og samfunn
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Idrettshistorie:
- Ei ny tid; ca 1850-1910
- Idretten blir folkeleg; 1910-1940
- Idretten blir samfunnssak; 1940-1985
- Enda ein revolusjon? Den nye idretten; 1985-2015
Idrettssosiologi:
- Idrett, kultur, globalisering
- Sport, media og kommersialisering
- Kunnskapssystem, vitskap og innovasjon
- Kropp, identitet og fysisk aktivitet
- Den kjønna idretten
- Sosial ulikheit: klasse, status, etnisitet
- Sportens skyggesider
- Olympiske leikar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om framveksten og utviklinga av den moderne idretten i globalt perspektiv
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innan friluftsliv, kroppsøving, trening, fysisk aktivitet og helse
Ferdigheiter
Studenten
- kan sjå på idretten i samfunnet frå eit metaperspektiv
- kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca år 1000 og fram til i dag
- kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav
Tilrådde forkunnskapar
Ingen krav
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eit skriftleg arbeid med påfølgjande presentasjon og etterarbeid.
Vurderingsform
Individuell, skriftleg eksamen. Tid: Fire timar. Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel