Hopp til innhald

ID3-103 Undervisningslære

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

  • Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk?
  • Leik - fysisk aktivitet - kroppsøving - idrett
  • Lærarrolla i kroppsøvingsfaget
  • Planleggingsarbeid
  • Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp
  • Tilpassa opplæring, kroppsøving og kjønn
  • Bruk av konkurranse i kroppsøvingsfaget
  • Vurdering i kroppsøvingsfaget
  • Trivsel, motivasjon og læringsklima

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kroppsøvingslæraren sine ulike oppgåver og roller
  • har kunnskap om samanhengen mellom læringsmiljø og motivasjon i kroppsøving og idrett
  • har kunnskap om vurdering og retningslinjer i kroppsøvingsfaget 
  • har kunnskap om tilpassa opplæring og korleis legge til rette for gode læreprosessar i kroppsøvingsfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte samanhengen mellom erfaring i undervisningssituasjonar og faglitteratur        
  • kan bruke teori for å drøfte kroppsøvingslærarrolla      
  • kan gjennomføre praktiske undervisningsøkter saman med medstudentar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga blir organisert som førelesing- og seminartimar med både gruppe- og individuelt arbeid. Emnet blir gjennomført med ei blanding av teoretiske og praktiske timar. I dei praktiske timane er det studentane som har leiingsansvaret for å få erfaring med planlegging, gjennomføring og refleksjon av undervisning. Denne erfaringa og kompetansen blir styrka gjennom skulepraksis som går over to veker. Skulepraksis blir gjennomført i grupper i grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Minimum 80% oppmøte i praktiske timar
  • Planlegge, gjennomføre og reflektere i samband med praktiske timar
  • Obligatorisk oppmøte og arbeidsoppgåver knytt til seminartimar
  • Innlevering før praksis: - Oversiktsplan for praksisperioden (gruppeoppgåve) - Forventning til praksis (individuell oppgåve)
  • Innlevering etter praksis: - Praksislogg (gruppeoppgåve)

Arbeidskrav og praksis må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Individuell, skriftleg heimeeksamen. Tid: Tre dagar.  Gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått.