ID3-105 Treningslære
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Treningslære har både teoretisk og praktisk undervisning.
Teoriundervisninga omhandlar tema som treningsmetodar i uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne, og mental trening, prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane, treningsgjennomføring, testing, kosthald og treningsplanlegging.
Den praktiske undervisninga eksemplifiserer dei teoretiske tema og gir eksempel på utføring av trening for å betre uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og treningsplanlegging
- har kjennskap til og kan forklare grunnleggande modellar, prinsipp og metodar for mental trening
- kan forklare prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane
- kan forklare verknaden av ulike treningsmetodar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre og vurdere treningsmetodar for uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne
- kan gjennomføre utvalde testar
- kan bidra i planlegging og utforming av eit mentalt treningsopplegg til ein utøvar eller eit lag
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
- kan forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne og mental trening
- kan forklare korleis ulike faktorar påverkar vår prestasjonsevne
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Teoretisk og praktisk gjennomgang av fagstoffet ved førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Minimum 80% oppmøte i praktiske timar
- Ei skriftleg innlevering
- Eitt gruppearbeid
- Individuell treningslære logg
Vurderingsform
Skriftleg individuell eksamen. Eksamenstid: Fem timar. Gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel