Hopp til innhald

ID3-206 Friluftsliv: bre, fjell og naturkjennskap

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om geologi, biologi og brelære. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i fjellet samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. I geologien blir det lagt vekt på landskapsutvikling og landformer i Noreg, indre og ytre geologiske prosessar og kunnskap om brear og bretypar.

I friluftslivsundervisninga blir det lagt vekt på kunnskap om ferdsel på bre, kanopadling, livredning i vatn med HLR-prøve og basisfriluftsliv med turplanlegging, leirliv og utstyrslære.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om viktige mineral og bergartar
  • har kunnskap om sentrale landskapsformer i regionen og innsikt i ytre geologiske prosessar
  • har kunnskap om karakteristiske planteartar og vegetasjonstypar i regionen
  • har kunnskap om ulike økosystem i regionen
  • har kunnskap om brelære
  • har kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet og på fjorden

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ferdast med kano og kajakk
  • kan anvende grunnleggande ferdigheiter knytt til ferdsel på bre, som t.d: stegjernsteknikk på blåis, innbinding i taulag, vegval på blåis og kameratredning på bre
  • kan utføre livreddande førstehjelp, HLR
  • kan gjennomføre basisfriluftsliv med turplanlegging, leirliv og utstyrslære

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere fare ved ferdsel i ulike naturmiljø
  • kan formidle kunnskap om natur med utgangspunkt i fagfeltet friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Fullført Idrett årsstudium eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjonar

  • Kano- og kajakktur, tre - fire dagar
  • Naturkjennskap, tre enkeltdagar
  • Breundervisning (del 1 av NF-grunnkurs bre),  fire - fem dagar
  • Fjelltur, seks - sju dagar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjende ekskursjonar: planlegging, gjennomføring og evaluering
  • Oppmøte til all obligatorisk undervisning
  • Gjennomført livredning i vatn og HLR i felt

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen. Tid: Fem timar. Gradert karakter (A - F).  Eksamen er delt i tre delar, alle delar må vere bestått.