ID3-301 Naturguiding, klatring og havkajakk
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
I emnet skal studenten lære om naturguiding, friluftslivvegleiing, naturbasert turisme og risikohåndtering i krevjande naturmiljø. Det er hovudvekt på aktivitetane klatring og havkajakk. Campus Sogndal, Sognefjorden og fjella i regionen blir nytta som arena i undervisninga. Studiet har fleire obligatoriske ekskursjonar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om naturguiding som ein del av friluftslivvegleiinga
- har kunnskap om turisme og naturbasert turisme
- har kunnskap om risiko og risikohåndtering av ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø
- har kunnskap om organisering av gruppeaktivitet på lavlandsklippe ute (sportsklatring), i buldring og i havkajakk
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, organisere og leie ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø
- har grunnleggande eigenferdigheiter i sportsklatring (lavlandsklippe ute), buldring og havkajakk
- kan anvende lokale bruksbåtar
Generell kompetanse
Studenten
- kan vegleie/formidle/guide ei gruppe innanfor feltet friluftsliv og natur- og opplevingsbasert reiseliv
- har gjennomført grunnkurs, teknikkurs eller aktivitetsleiarkurs i havkajakk frå kursstigen til Norges padleforbund
- har kjennskap til myndigheitene sine krav til HMS for risikoaktivitetar
Krav til forkunnskapar
Fullført 2. år bachelor Friluftsliv eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene i dette emnet vil vera førelesingar, fleire ekskursjonar og framlegging av individuelt studenttema. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga.
Ekskursjonar:
- Buldreekskursjon 1-2 dagar
- Klatreekskursjon 4-5 dagar (overnatting + enkeltdager)
- Kystfriluftsliv i Solund med bruksbåt og havkajakk, 4-5 dagar (tilbod om aktivitetsleiarkurs i havkajakk, om studentane er kvalifisert)
- Turist i eige fylke - Naturguiding og naturbasert opplevingsturisme, 3-4 dagar (Munnleg studentpresentasjon etter ekskursjon)
- Vegleiingstur, B3 planlegg og gjennomfører tur for B1 og B2 studentar, 3 dagar (skriftleg plan, gjennomføring og studentpresentasjon etter ekskursjon)
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjente ekskursjonar; planlegging, gjennomføring og evaluering
- Godkjent obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av skriftleg studenttema og praktisk gjennomføring av studenttema
- Godkjenning av to munnlege presentasjonar
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen med gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel