Hopp til innhald

MASPED3-301 Rettleiing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innhaldet i studiet er:

  • Relevante rettleiings- og innovasjonsteoriar på system-, gruppe- og individnivå
  • Etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing
  • Innsikt og trening i grunnleggande rettleiingsmetodar
  • Kommunikasjon, relasjon og samspel

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om rettleiings- og innovasjonsprosessar på individ-, gruppe- og systemnivå
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til eigen praksisteori som rettleiar og innovatør innan det spesialpedagogiske fagfeltet

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for og gjennomføre ein rettleiings- og innovasjonsprosess

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til spesialpedagogisk rettleiing og innovasjon med både spesialistar og allmenta

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak

Tilrådde forkunnskapar

Fullført semester 1 og 2 av master spesialpedagogikk studiet 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar og gruppeøvingar med grunnlag i kasus, med bruk av videoopptak. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Gjennomføring av feltarbeid, fem dagar.
  • Ein individuell fagtekst og framlegg med utgangspunkt i feltarbeidet
  • Ei skriftleg gruppeoppgåve knytt til rettleiings- og innovasjonsteori
  • Fire grupperettleiingar med video og individuelle refleksjonsnotat
  • Deltaking på fire samlingar på tre timar i lokale grupper med individuelle refleksjonsnotat etter kvar samling
  • Obligatorisk frammøte (80%) på samlingane

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen. Gjennomføring av rettleiing i gruppe med påfølgjande individuell samtale knytt til rettleiing og pensum.

Bokstavkarakter, A-F.