PL412 Landskapsinngrep
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Vurdering av utbygging i landskapet, i forhold til formål og landskapskonsekvensar. Økologiske, visuelle og samfunnsmessige konsekvenser på ulik skala vert drøfta. Utbyggingstypar faget tek for seg er kraftutbygging, inkludert vindkraftanlegg, veganlegg, og større rekreasjonsanlegg (t.d. hytteområde og alpinanlegg). Introduksjon til konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova. Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Studentane skal gjennomføre ei prosjektoppgåve som omfattar ei vurdering av dei visuelle og økologiske konsekvensane av ei utbygging i landskapet. Oppgåva skal omfatte analyse av landskapet på ulike skalaer og terrengforming i detaljplan.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Forstå konsekvensar av ulike typar utbyggingar, og korleis desse varierer for ulike typar landskap.
Ferdigheiter
- Kunne forme terreng og visualisere terrengendringar gjennom grunnleggande kart-teikning.
Kompetanse
- Kunne gjere greie for økologiske og visuelle konsekvensar av ulike store landskapsinngrep.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Det er anbefalt å ha gjennomført PL416 Landskapsanalyse
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og ekskursjonar. Individuelle øvingsoppgåver og gruppeoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuell oppgåve i terrengforming
Gruppeoppgåve i utvalgt, vil variere mellom år.
Gruppeoppgåve i landskapsøkologi med munnleg presentasjon.
Vurderingsform
Eksamen del 1: Skriftleg oppgåve i gruppe på 3 - 5 deltakarar. 60% av samla karakter.
Eksamen del 2: Multiple choice eksamen. 40% av samla karakter.
Ved stryk må ny oppgåve løysast.
Bokstavkarakter A-F.