PPUA307 Praksis 1
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Hovudtema i emnet er lærarrolla, lærararbeidet og lærar si tilrettelegging for læring. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og fagdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.
Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 arbeidsdagar.
Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og etter kvart få eit meir sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden
Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finna i studieheftet frå studiestaden
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
- kan tilpasse opplæringa til eleven og elevgruppa sine forutsetningar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har tre arbeidskrav felles for alle studiestader.
- Studenten leverer politiattest
- Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
- Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.
Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.