PPUY307 Praksis 1
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Hovudtema i emnet er lærarrolla, lærararbeidet og yrkesfaglærar si tilrettelegging for læring. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og yrkesdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksisopplæringa.
Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 heile arbeidsdagar.
Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og etter kvart få eit meir sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga.
Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden
Studenten, praksislærar og lærar frå studiestaden skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finne i studieheftet frå studiestaden
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke sin yrkeskompetanse, og planlegge, begrunne, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring som er tilpassa eleven/lærlingen sitt behov og yrkesinteresser, med tanke på å fullføre yrkesutdanninga.
- kan leie opplæring der elevar/lærlingar deltek i planlegging, gjennomføring og vurderingsarbeid.
- kan leie læreprosessar som fremmer praktisk, differensiert og tilpassa opplæring på mangfoldige, teknologirike og fleirkulturelle læringsarenaer.
- kan bygge gode relasjoner og tilpasse opplærina til eleven/lærlingen sine interesser, behov og utdanningsplanar.
- kan gjennomføre vurderingsarbeid i samsvar med forskrifter, nyare forsking og utviklingsarbeid på feltet.
- kan bruke relevante digitale læremiddel i opplæringa.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har tre arbeidskrav felles for alle studiestader.
- Studenten skal levere politiattest.
- Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
- Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.
Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.