PPUY308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein yrkesdidaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for yrkesfagleg læringsleiing.
Hovudtema i det første praksisemnet vidareførast, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon være viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og yrkesdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.
Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 heile arbeidsdagar.
Studenten skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Ho/han skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i det faglege utviklingsarbeidet ved skulen.
Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden
Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finne i studieheftet frå studiestaden.
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Ferdigheiter
Studenten:
- kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar.
- kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø.
- kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring.
- kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen.
- kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle forutsetningar og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon.
- kan bruke opplæringslova sin formålsparagraf i det daglege lærararbeidet.
- kan framstå som rollemodell i skulen, samarbeidsbedrifter, lokalsamfunnet og på andre samfunnsarenaer.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har to arbeidskrav felles for alle studiestadar.
- Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
- Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.
Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.