PSBU103 Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Dette emnet omhandlar tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og skal gje kunnskap om korleis kommunane organiserer tenestetilboda til barn og ungdom, og korleis ulike samarbeidsstrukturar hemmar eller fremjar vilkår for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar.
Innhald/oppbygging:
- Overordna konvensjonar, lover og føreskrifter
- menneskerettar, barnekonvensjonane, barnehagelova, barnevernlova, lov om barn og familie, lov om helsepersonell, lov om kommunehelsetenesta, lov om sosiale tenester, opplæringslova, pasient-rettigheitslova, psykisk helsevernlova, forskrift om individuell plan
- Teieplikt i praksis
- vern eller hinder
- Individuell plan
- brukarstyrte tenester
- Organisering og samordning av kommunale, fylkeskommunale, regionale og statlege tenester til barn og ungdom
- Frivillig tenestearbeid, sjølvhjelp og brukarstyrte tiltak
- Utvikling av heilskaplege, koordinerte tenester til barn og ungdom
- tiltaksoversikt og tiltaksorientering i praksis
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- om samarbeid og ansvarsdeling både i og mellom tenester på ulike forvaltingsnivå
- Samarbeidskunnskap
- om ulike faggrupper sine kunnskapar og ansvarsområde
- Utviklande prosjektarbeid
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har kandidaten
Kunnskap
- inngåande kunnskap om lover og forskrifter og andre samfunnsmessige tilhøve som regulerer og styrer psykososialt arbeid med barn og ungdom
- inngåande kunnskap om oppbygging av tenestetilbodet lokalt, og om regionale tiltak som har til hensikt å betre barn og unge si psykiske helse
- inngåande kunnskap om betydinga av samanhengande og heilskapleg tenestetilbod til barn, unge og familiar i krise
- inngåande kunnskap om korleis rolla som brukar/klient/pasient opplevast for den enkelte og hans/hennar familie
Ferdigheiter
- bruke tenestetilbodet sin oppbygging lokalt og nasjonalt.
- anvende metodar som fremjar brukarmedverknad, meistring og myndiggjering på individ- og gruppenivå.
- identifisere og drøfte etiske dilemma.
- gjennomføre prosjektarbeid på eigen eller liknande arbeidslass, og i tråd med gjeldande forskingsetiske retningsliner
- formidle kunnskap og erfaring på ein sakleg og forståeleg måte som legg grunnlag for akademisk skriftleg presentasjon
Generell kompetanse:
- utøve praksis i samsvar med lover, forskrifter og andre samfunnsbestemte forhold som regulerer og styrer det psykososiale arbeidet overfor barn, ungdom, unge vaksne og familiar
- ta initiativ til å opprette og delta i tverrfaglige kompetansegrupper som varetar heilskaplege tenestetilbod til barn, ungdom, unge vaksne og deira familiar
- analysere korleis ulike samarbeidsstrukturar hemmar eller fremjar føresetnadene for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar
- systematisere og formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og beherske uttrykksformene i fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PSBU101 og PSBU102
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav, teorigrupper/kollokviegrupper. Rettleiingsgruppe. Studentane må ha tilgang til internett. Canvas vil vere kommunikasjonsverktøy mellom studiestaden og studentane. Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med, eller forskar innanfor feltet barn og unge.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 75% obligatorisk frammøte til undervisning og til 100% til rettleiingsgrupper
- Ei individuell skriftleg oppgåve om eigne læringsmål og om utviklinga eigen yrkeskompetanse. Omfang om lag 1000 ord
- Utarbeide prosjektplan som skal innleverast elektronisk for godkjenning. Omfang om lag 2500 ord
Vurderingsform
Gjennomføring av eit rettleia prosjektarbeid i grupper. Prosjektet bør ta utgangspunkt i arbeidsplassen til ein eller fleire i gruppa. Kunnskapsgrunnlaget skal baserast på forsking/fagartiklar, pensum og annan relevant litteratur. Prosjektet må vere knytt til tema organisering og samordning av tenestetilbodet til barn og unge.
Prosjektet skal godkjennast av HVL, og skal munne ut i ein skriftleg prosjektrapport. Studentane kan få rettleiing på prosjektet/oppgåva med inntil 4 timar for kvar gruppe. Omfang: Max 7000 ord
Prosjektoppgåva vurderast til gradert karakter, frå A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tilletne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PS116 - Organisering og samordning av tenestetilboda til barn, ungdom og unge vaksne - Reduksjon: 10 studiepoeng
- PSBU6102 - Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom - Reduksjon: 12,5 studiepoeng